Eva Kun

Navn:
Eva Kun

Kommer fra:
Budapest i Ungarn

Bor:
I Bergen og Budapest

Utdannelse:
1973-78 Kunstakademiet i Warszawa, Polen
1979 vårsemester Kunsthøgskolen i Wroclaw, Polen

Hva jobber du med?

Eg arbeider mest med lys- og rominstallasjonar.

Hva inspirerer deg?

Det kan vere mangt. Ei oppleving av lys eller eit byrom kan sette i gang mykje. Eg blir aldri mett av å gå rundt i bergenske byrom. Halvtransparente material har spesiell tiltrekningskraft på fordi dei filtrerer, begrenser det som er synleg, tar bort overflødige detaljar.

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?

Eg arbeider for det meste situasjonsrelatert. Over lengre tid har eg arbeidd med lyset, – møtet mellom lys, form og rom.
Arbeida er ofte relaterte både til kroppsdimensjonen og til arkitekturens skala. Opplevinga av dei er gjerne basert på aktiv, fysisk deltaking frå den besøkande.

Det å skape stad-fokuserte og mangfaldige situasjonar er ein spennande overlapp mellom bildekunst og arkitektur. Det har ført til fleire lysinstallasjonar og kunst i arkitektur, innandørs og utandørs.

Materiala eg vel kan vere av alle slag, frå tradisjonelle kunstnarmaterial til bygnings- eller naturmaterial. Lyset kan vere dagslys eller kunstlys. Eg arbeider gjerne med situasjonar inne eller ute, men helst situasjonar som har ei form for særpreg, energi.
Eg er liker å arbeide med utfordrande rom og å skape former for møteplassar.

Hvorfor ble du boende i Bergen?

I utgangspunktet av familieårsaker. Men etter kvart fann eg meg til rette med kolleger, verkstad og undervisning. Til slutt vart det eit bevisst valg å bli verande her. Eg har verkstad i C. Sundts gate og eg trivest der blant gode kolleger og venner. Undervisninga eg driv med på BAS er utfordrande, og er ei inspirasjonskjelde for meg.

Hva er det beste med miljøet og byen?

Først og fremst er det dei mangfoldige bergenske byromma som tiltrekker meg. Men utover det: Bergen er liten, men allsidig. Her er relativt mange undervisnings- og andre kulturinstitusjonar. Det medfører eit livlig studentmiljø og ikkje minst eit stort og variert medarbeidersjikt, både fastbuande og tilreisande. Dette, sammen med den lokale bergenserens allvitande sjøvtillit og lydvolum gir byen ein vital atmosfære. Det sterke engasjementet i saker om offentlege rom er eineståande, på både godt og vondt.

Hva savner du i det bergenske kunstmiljøet?

Eg savner kunstfaglege eldsjeler som har både internasjonalt og lokalt perspektiv, og er i stand til å bruke dei sammen. Som ønsker å gjere eit arbeid for byen. Som ser Bergen meir som destinasjon, mindre som mellomstasjon på karrierestigen.
Og eg savner naturlegvis fleire ambisiøse visningsstader.

Hva jobber du med for øyeblikket?

Om få dager har eg offentleg overlevering av ein skulpturinstallasjon for nødetatene på Hadeland i Gran. Ellers skal eg i gang med ein mindre konkurranse i Oslo-området. Undervisninga på BAS er ein tråd som løper parallelt med alt anna eg held på med. Trass i at undervisninga er noko anna enn arbeid med kunst har den stor betydning for meg og mi utvikling.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?

Eg har lyst til å arbeide meir med kunst, og få undervisningsarbeidet under bedre tids- kontroll. Nå held eg på med utprøving av nye ”lys-material” som det blir spennande å få ut i rom og rominstallasjonar.

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?

Eg skulle gjerne sett Marianne Berg sine arbeid i offentlege rom.