Felieke van der Leest

Navn:
Felieke van der Leest

Kommer fra:
Emmen, Nederland

Bor:
Øystese

Utdannelse:
1986 – 1991 Tekniske skule for Gull-, og Sølvsmedar, Schoonhoven
1991 – 1996 Gerrit Rietveld Academie, Amsterdam

Hva jobber du med?

Smykkeskulpturar, mest små (5 til 30 cm) men eg har også laga større (1 til 14m)

Hva inspirerer deg?

Alt eg ser rundt omkring meg, på TV eller i bøker og magasin. Helst om dyr og vitenskap. No er eg opptatt med dinosaurar.

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?

Eg prøver å lage kunstverk som er interessant/fascinerande å sjå på/smykke deg med og som er teknisk godt laga. Verket må vera interessant ikkje berre den fyrste gongen du ser på det men kvar gong. Og at det vekker spørsmål. Kunstverk med svar er raskt kjedeleg. Verka mine har ei forteljing som kan vera annleis for kvart menneske.

Hvorfor ble du boende der du bor?

Me (Jan, mannen min og eg) vart lokka til Kvam ved Kvammlokk prosjektet i august 2007. Den tida budde me i sentrum av Amsterdam og me ville flytta ut av storbyen. I mars 2008 flytta me fyrst til Ålvik. Ni månader seinare kjøpte me eit fantastisk hus med flott utsikt i Øystese.

Hva er det beste med stedet?

Rom, natur, friskt luft og fine menneske. Veldig viktig er at me har kunstnarorganisasjonen Harding Puls med medlemmer frå kunst, musikk og litteratur. Me har fantastiske gode kunstutstillingar og konsertar i Kunsthuset Kabuso. Frå heile verda kjem kunstnarar til Kvam fordi me har Kunstnarhuset Messen i Ålvik! Og det er ti minutt å køyre til skiløypene på Sjusete.

Hva savner du i ditt lokale kunstmiljø?

Ingenting.

Hva jobber du med for øyeblikket?

Neste år i januar har eg ei separatutstilling hos Galerie Rob Koudijs i Amsterdam med verk som er inspirert av dinosaurar. Så det er dinosaur-tid her i stova og atelieret.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?

Ein plan er å vise disse dinosaurverka på ein annan plass enn i ein kunstrelatert omgjevnad. Eit naturhistorisk museum eller noko sånt. Og ein draum er å gje eit foredrag på eit paleontologisymposium……
I mai skal eg laga eit nytt stort verk til kunstlandskapprosjektet «Mellom Himmel og Fjord. Sjå!» her i Hardanger (www.kunstlandskap.no). Det står eit stort svart anker på stranda i Norheimsund som treng litt utsmykking synest eg. For to år sidan laga eg «Kamuflasje Hjort med Skyteskive Anheng» i eit tre nær stranda, men det blei dessverre stolen i fjor.

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?

Kan eg nemne to? Simone Hooymans og Hans Pulles. Dei er også frå Nederland og bur i Kunstnarhuset Messen i Ålvik. Simone lagar teikningar og filmar av dyr og astronautar som er så vakre og fantasifulle, men også litt dystre. Ho samarbeider no med Mari Kvien Brunvoll og lagar animasjonar til musikken til Mari. Hans Pulles er kunstnar og designar. Han lagar kjempegode og vakre skulpturar i offentlege rom. I Norheimsund har han designa ein bru og i Bergen har han bygd eit stort gjerde – www.simonehooymans.com og www.hanspulles.com.