Heim – nye arbeid av Marta Nerhus

Lørdag 22. oktober til søndag 19. februar 2017, Bryggens Museum

Marta Nerhus forteller om bakgrunn for utstillingen:

“Diplomutstillinga vår ved Kunsthøgskolen i Bergen 1988, var på Bryggens Museum. Temaet mitt var båten. Båten som symbol for reisa til det andre landet. I 1996 gav Bryggens Museum meg i oppdrag å laga 4 store skulpturelle Hansakoggar i streng til vandreutstillinga, Hanseatane og Norden.

Når eg no, 20 år seinare, vart invitert til laga separatutstilling, tenkjer eg igjen på båten. Nesten kvar dag høyrer me om båtane i Middelhavet, om folka som reiser frå dei sundbomba heimane i håp om å finna ein stad å kunna leva. Eg trong og å ha eit lite arbeid som eg kunne ha i veska på veg til Ølve. Slik vart installasjonen til: Så lenge skuta kan gå……

Eg samlar på bilde, riv pressefoto ut av aviser. No har eg leita i bøker etter foto av norske flyktningar under siste verdskrig, og eg har samla på foto av norske utvandrarar til Amerika på slutten av 1800 talet. Heime fekk me Amerikabrev frå dei som hadde reist. Oldemødrene våre på fotografia i stovene har blåhue som dekkar håret. Menneska frå nokre av fotoa gjer eg like store som deg og meg når eg teiknar i mitt skjøre material. At eg i arbeidet med denne utstillinga skulle finna foto av besten sine fiskekutterar, i ei bok om brenninga av Finnmark, er meir enn tilfeldig.

Men denne utstillinga startar med heltane våre. Dei som «ikkje trur på alt for det um det er lov»( Olav H Hauge). Dei som gjer eit arbeid for å verna naturen vår, som slost for at landskapet skal vera verdt meir enn pengar. Dei protesterte og vart arresterte i deira kostelegaste drakter, nasjonalen, bunaden. Men er drakta norsk? Er det eit relevant spørsmål i denne samanhengen? Men kva er norsk og kva er eit menneske og kven er eg, og kven er du?

Alle arbeida er laga i metalltråd, noko er strikka, teikna og modellert. Arbeida er utførte i eigenutvikla teknikk. Metalltråd har vore mitt materiale i dei 28 åra etter diplomutstillinga. Eg er glad for å vera del av tekstilkunsten og kunnskapen, og røynsla med handarbeid. Og utruleg heldig som vart fødd heima i Ølve, Noreg.»

Sundag 23.10.2016 kl. 13 vises Vigdis Nilsens film “Kampen om Fjordane” i auditoriet på Bryggens Museum.