Aping A Ritual To Heal Sick Horses

Oppland Kunstsenter

27.10.18 – 16.12.18

Ei utstilling av Brynhild Winther

I løpet av den tida eg har brukt på å utforske menneske, for å prøve å få ei djupare forståing av dei, har eg oppdaga nokre interessante detaljar. Den eine er at mange menneskje kjenner seg så separerte frå verda/verkelegheita at dei ser den som ein lingvistisk konstruksjon. Kanskje kan dette vera samanhengande med ideen om sanning, og korleis det ser ut til at menneske stolar meir på (det skrivne) ord, enn sine eigne sansar og idear. Eg har òg oppdaga at dei ser ut til å tru at den ”sanne” essensen i eit fenomen, vil manifestera seg klarare og bli tydeleg om ein tek det ut frå sin kontekst/rhizome/habitat/kaos/miljø/økosystem, og at ”sanninga” kan konkluderast i denne type vakuum, så lenge ein entrar det på ein vitskapleg, objektiv måte.

Her ser eg ei likskap til gallerirommet, som ofte er eit forsøk på å konstruere eit nøytralt rom, slik at kunsten kan stå fram utan å bli påverka av verda utanfor.

I gallerirommet si separasjonen frå verda, stiller eg spørsmål ved om måten menneske ser på andre dyr, kan sei meir om mennesket, enn om dyret som blir studert? Eller seier metodane i heile tatt noko om det andre dyret?

Når det gjeld den menneskelege måten å forstå andre dyr, er den basert på eit rasjonelt og logisk argumentasjonsprinsipp, kor kunn ting som kan forklarast ved hjelp av ord/argumentasjon, kan konkluderast som sant. På denne måten blir alle andre dyr si måte å oppfatte verda, og deira logikkar, ugyldige.

 

Les meir om utstillinga her:

http://kunstopp.no/utstillinger/