Bornas Kabuso: Kart

Kart er tema for denne kreative verkstaden. Me teiknar, klypper og limer. Med gamle kart, magasin, avisar og farga papir lagar me våre eigne kart.
Dei kjende og kjære teiknefilmane om Moldvarpen vert vist i filmkroken.

Kabuso kunst- og filmklubb er eit månadleg tilbod til born i Kabuso. Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2019.
Vaksne går gratis i følge med born.
Inga aldersgrense, inga påmelding.
Passar for alle.