Hardanger Skyspace av James Turrell

Velkomen til ei unik lysoppleving i Hardanger Skyspace!
Lysverket, som er knytt til Kunsthuset Kabuso i Øystese, har visningar tre dagar i veka – både ved soloppgang og solnedgang.
Finn visninga som passar for deg på www.hardangerskyspace.no

Om verket:
Forma til Hardanger Skyspace er åttekanta og inspirert av det magiske vesle skulpturmuseet som rommar arbeida etter Ingebrigt Vik. Den åttekanta forma går igjen i Skyspace, det same gjer den grå fargen frå hardangerskifer. Turrell forankrar kunstverka sine i lokale tradisjonar, byggemåtar og kunstuttrykk. I Hardanger Skyspace ser ein himmelen gjennom ei ellipseforma opning i taket, og dette tar opp i seg det langstrekte uttrykket til fjorden. Når ein går ut av kunstverket ser ein direkte mot Folgefonna og Hardangerfjorden.

Under soloppgang og solnedgang vert tusenvis av LED-lys inne i Skyspace aktivert. Ein sit då inne, på benkar, og ser opp mot opninga i taket. Dette er ei opning som går direkte ut mot himmelen, og det er denne opninga som er fellesnemnaren for alle Turrell sine Skyspace-verk. Ein ser mot himmelen, og vêret kjem fysisk inn i installasjonen. Det kan snø inn, det kan regne inn, og ein ser på eit utsnitt av himmelen. Himmelen kan vere stjerneklar, dekka av skyer eller vere ein svart vinternatthimmel.

Gjennom soloppgang og solnedgang sit ein omslynga av farga lys som er i endring. Dette er eit kunstuttrykk som er svært immaterielt ved at det ikkje er ein ting eller gjenstand. Det er berre lys. Sjølv om du lukkar augo, opplever du dei skiftande fargane. Du kjem inn i ein rytme av stille, noko som kan tangere ei kontemplativ og meditativ oppleving.

Opplevinga kan gjennom daggry og skumring fortone seg på ulike måtar. Anten du er åleine eller med vener. Anten det snør inn eller du høyrer hauststormen som slår bylgjene mot land.

Gjennom året vil tidspunkta for ei oppleving i Hardanger Skyspace forandre seg med syklusen til sola. Om vinteren vil opplevingane bli korte og intense, medan dei om sommaren vil strekke seg mykje seinare mot kveld – i overgang mot natt. Opplev gjerne Skyspace i ulike årstider!

Kr 120,- vaksen / kr 60,- born
Billett kjøper du på www.hardangerskyspace.no