Ine Harrang/Johan Havaas/Torkel Lillefosse

Kusnthuset Kabuso

3.11.18 – 10.02.19

Merk opningstider i utstillingsperioden:
Ons-fre kl 11-15, laur+sundag kl 11-16
Eigne opnigstider vil gjelda rundt årsskiftet – sjå www.kabuso.no

Seinhaustens utstilling er sett saman av Exsiccatae, eit verk av Ine Harrang, (1960-) kunstnar frå Molde, ei samling lav og mose frå Johan Havaas (1864 – 1956) botanikar og lavforskar frå Granvin, og akvarellar av Torkel Lillefosse, (1868-1946) botanikar og plantemålar frå Strandebarm. Utstillinga er ein hyllest til verdien i detaljar og den stille utforskinga av naturen me er del av.
Harrang har bygd ein installasjon sett saman av 1500 Norgesglass. Frå den omfattande samlinga etter naturforskaren Johan Havaas vert det vist meir enn hundre år gamle prøver av lav og ein sjeldan Flora Danica. Plantesamlar og statsstipendiat Torkel Lillefosse malte over 750 botaniske akvarellar i løpet av sitt liv, av desse avdekkast nokre over hundre. Alt dette generøst lånt ut av Universitetet i Bergen og Havaas-samlinga i Granvin.
Lav og mose er lite påakta, men ved nærare studium stig dei fram i all si vakre særeigenheit som hemmelege hagar og skogar i eit ørlite format. Dessverre hamnar stadig fleire av våre 3000 artar på raudlista. Blomar og planter trer sjeldan fram individuelt, dei er del av ei innfløkt og samanhengande verd. Det er og først no i den seinare tida at det hemmelege livet plantar og trær deler, er blitt kjend for oss. Dei tenkjer, viser omsorg, handlar aktivt i møte med øydeleggjande krefter og utviklar forsvar og kamuflasje.
Utstillinga er ein hyllest til det livsdugelege enkeltmennesket, ein glede over evna til å sjå verdi i detaljar, og ein stille protest mot øydeleggingane vi moderne menneske står ovanfor.

Store endringar hender rundt oss, konsekvensane er omtala i tallause dokument, men vi trudde lenge vi hadde betre tid. Ver-rekordar blir slått, varme og regn, ras og flaum. Det er lett å kjenne på avmakt. Ulike løysingar, nokre er kanskje berre som halmstrå å regne, grip ein likevel med begge hender og vert omsett i handling. Langsamt endrast óg korleis me ser på trer, havet, dyr og menneskenes plass i alt dette, og kva vi tolkar ut av det vi ser.

Me ser etter den vesle endringa som gjer at været skiftar – og me tar oss i å gripa etter paraplyen, slagstøvlane og letta lemper ut tungsinnet. Utstillinga er ein søken, ikkje etter kva, men etter eit korleis. Å ta inn, sjå, kanskje teikne, og med det trene blikket, som igjen skjerpar husken. Landskapet mellom hukommelse og førestilling er kanskje forma av dette produktive samspelet, mellom minna lagra i gamle arkiv og det skapande blikket.