Kabussen: Gratis buss til utstillingsopning i Hardanger

Ta Kabussen til gode kunstopplevingar i Hardanger!
Gratis buss tur-retur utstillingsopning i Kabuso, Øystese:

Sandra Vaka – Jugs

Kl 12:00 Avreise frå Rasmus Meyers Allé (KODE 3)
Kl 17:00 Ankomst Bergen

NB! Påmelding pr e-post til espen.johansen.ej@gmail.com

Kabuso er stolte over å presentere soloutstilling med Sandra Vaka. Verka hennar spring ofte ut frå fotografiet, anten ho arbeidar med eigne bilder eller funne materiale som ho omorganiserar. I denne utstillinga viser Vaka fotografiske arbeid og ein ny skulpturserie i glass.

Utstillingsopninga finn stad kl 13.30
Opning ved kurator Espen Johansen

Les gjerne meir på:
https://www.facebook.com/events/170149087164270/ eller
http://www.kabuso.no

Open kafé med heimebaka kaker og gode lunsjrettar, herleg eplesaft og andre lokale produkt, kaffidrikkar, øl og vin.
Museumsbutikk med bøker, kunstkatalogar og gåveartiklar m.m.