Kirsti van Hoegee – Planetarisk tåke

Kunsthuset Kabuso

3.04.19 – 7.04.19

Universet er uendeleg stort og uendeleg lite. I begge retningar rører det seg langt forbi erfaringshorisonten vår. I takt med fotografiet si framgang har og forholdet vårt til universet endra seg. Dette er blant tinga Kirsti van Hoegee undersøkjer, og ho tek i bruk skannar, mobiltelefon og teleskop for å konstruere bilete som gir assosiasjonar til vitskaplege framstillingar av stjernetåke og asteroidar.

Kirsti van Hoegee er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen (KMD) og UiB. Ho har hatt separatutstillingar ved Hi10 i Skien, Archipelago (Hordaland Kunstsenter), Haugesund billedgalleri og på House of Foundation i Moss. Vinteren 2017 ga ho ut fotoboka «Planetarisk tåke» på Forlaget HOF. Verka hennar er innkjøpt av Voss kunstlag og Haugesund billedgalleri.

www.kabuso.no