Kurs i grafikk

KURS I GRAFISKE TEKNIKKAR 2018
Balestrand Kunstlag skal arrangere kurs i grafikk i juli og august 2018. Kvart kurs går over fire dagar, torsdag til og med søndag. Måndag etter kurset, kan ein nytta verkstaden på eiga hand. Ein kan delta på eitt eller fleire kurs. Kursa høver for alle som har lyst å prøve seg på grafikk, frå nybyrjarar til erfarne kunstnarar.

Alle kursa vil vere på Sagatun Skule og vi vil ha tilgang til to presser. Til litografi brukar ein tradisjonelt stein som trykkeplate. På desse kursa vil vi bruke spesialbehandla aluminiumsplater som gjer at ein kan trykke i vanlege djuptrykkspresser.

Kursleiar er grafikar og kunstnar Alain Chardon, som driv og eig den grafiske verkstaden og trykkeriet Quadrat9 i Barcelona. Magne Vangsnes har nytta verkstaden til Alain i mange år. «Norske Grafikere» har og samarbeid med han gjennom ei stipendordning for grafikarar som ynskte å arbeide på verkstaden hans. Det er med andre ord ein kapasitet på området som kjem til Balestrand!

Kurs 1: torsdag 26. – søndag 29. juli
Litografi på aluminiumsplate – «tradisjonelle» teknikkar»
Dette er eit intenst og djuptgåande kurs der ein blir kjent med tradisjonell litografi på aluminiumsplate. Fokuset er å læra teknikken og prosessen ein må gå gjennom for å laga litografi. Gangen i kurset vil vera:
– Utforming av motiv på plata med tusj, feittkritt eller måling med pensel
– Fiksering og bearbeiding av plata
– Trykking

Kurs 2 : torsdag 03. – søndag 06. august
Litografi på aluminiumsplate – «nye teknikkar»
I dette kurset vil ein lære om ulike nye teknikkar tilpassa det litografiske systemet. Det kan vera ein fordel å ha vore med på kurs 1, men det er ikkje noko krav. Her vil ein få ei innføring i mellom anna
– Bilderoverføring frå kopi til litografiplate
– Bruk av polyesterplater til litografisk trykking
– Bruk av offset plate
Desse teknikkane gir ein moglegheit til å integrere eigne foto, bilete, tekst eller liknande i prosessen.

Kurs 3: torsdag 9. – søndag 12. august
Miks av ulike teknikkar.
I dette kurset vil ein lære meir om tradisjonelle trykketeknikkar som
– Collografi
– Monotypi
– Sjablongar

Dersom ein har vore med på kurs 1 eller 2 kan ein også kombinere teknikkane frå dei kursa med teknikkane over.

Ekstra dag etter kvart kurs – «Eigen dag i verkstaden»
Mandagen etter kvart kurs, kan deltakarane bruka kurslokala og utstyret om dei ynskjer å prøva seg på eiga hand utan kursleiar. Kursleiaren vil koma innom mot slutten på dagen slik at ein kan gå gjennom eventuelle spørsmål som har dukka opp i løpet av dagen.

For meir informasjon om dei ulike kursa kan de ta kontakt med Marta Kvikne, sjå kontaktinfo under.

Praktisk informasjon:

Når kurset nærmar seg, vil de få tilsendt meir informasjon meir spesifikt for kurset du har meldt deg på.

Kvar kursdag vil vara frå kl 10.00 til 17.00 inkludert pause.
Kvart kurs kostar kr. 3.500,- pluss materialkostnad på kr 1000,- Du tek sjølv med skisseblokk, blyantar og eventuelle eigne penslar.
Dersom ein deltek på fleire kurs får ein rabatt på kr 500 for andre og 1000 for tredje kurs.
Det vert maksimalt seks deltakar per kurs.

For mandagane gjeld eigne prisar. Trykksverte og «anna» forbruksmateriell vert dekka av «leige» på kr 100,-. Ekstra trykkepapir og litografiplater kan kjøpast til kostpris om ein treng meir enn det de har frå før.

Bindande påmelding til :
– Merete Sande – epost m.sande@online.no, mobil 90 02 11 83 eller
– Marta Kvikne – epost m-kvik@online.no, mobil 90 80 03 14