Kurs: Lær å laga tau

Kabuso inviterer deg til reipslagerverkstad med Ingunn Undrum, reipslagaren på Hardanger Fartøyvernsenter. Verkstaden finn stad torsdag 9. november frå kl.18.00-20.30 på Kabuso i Øystese.

– Introduksjon om tauets lange linjer med eksemplar på historisk bruk
– Me lagar tau av lindebast og andre material
– Omvising i utstillinga Maria Nepomuceno – Afetosyntesis

Deltakaravgift: kr.150,- Max 20 deltakarar.
Materialar og enkel servering inkludert
Påmelding innan måndag 6. november til karen@kabuso.no

Ingunn Undrum er reipslagar ved Hardanger Fartøyvernsenter, som har landets einaste reperbane i drift. Ho starta som lærling i 1998 og har jobba med handverket sidan. Gjennom Undrum sitt arbeid vert utdøande handverk haldt i live.

Maria Nepomuceno stiller hausten 2017 ut på Kabuso. Ho kjem frå Brasil og kunsten hennar spring ut av ei interesse for ulike handverksteknikkar. Nepomuceno nyttar i hovudsak tau og perler i dei kunstnariske arbeida sine.