Maria Nepomuceno – Afetosyntesis

Opningstider:

Tys-fre kl 11-15,
laur+sun kl 11-16

Buss frå Bergen: Hardangerlinja 925

Den brasilianske kunstnaren Maria Nepomuceno (1976-) lagar fargerike skulpturar med kjende og overraskande material. Tau er det gjennomgåande materialet. Saman med perler, fletta strå, keramiske element med meir, skapar ho skulpturar som til dømes kan minna om levande vesen eller undersjøiske planter. Spiralforma går igjen og skulpturane endrar seg i møte med rommet dei vert stilt ut i.

Nepomuceno let seg inspirera av urfolket i Brasil sine handverkstradisjonar og fleire av verka vert til i eit kollektivt fellesskap. Tittelen på utstillinga, Afetosyntesis er sett saman av det portugisiske ordet afeto, som tyder hengivenheit eller kjærleik, og syntesis som tyder syntese eller foreining. Nyordet er inspirert av omgrepet fotosyntese, som skildrar korleis planter produserer livsnødvendig oksygen. Nepomuceno viser til kor viktig kjærleiken òg er for menneska – gjennom kunstverk som opnar for sanselege opplevingar.

Utstillinga er produsert av Stavanger kunstmuseum.

HARDANGER SKYSPACE: Sjå www.hardangerskyspace.no for billettar og info om visningstider (pr. 20/9: Oppmøte ca kl 19.30 – og tidspunktet flyttar seg til tidlegare på kveld/dag ut over hausten og vinteren).  Bill 120,- / 60,- (born)

Ingebrigt Vik museum: Sett «nye» IV museum? Sjekk kva Dagsavisen skriv om at her kan «bitte små museumsopplevelser føles veldig store»