SAMLAREN – NINA BANG LARSEN

KRAFT - rom for kunsthåndverk

9.11.18 – 22.12.18

Nina Bang Larsen arbeider med tekstil som hovudmateriale og med det produserer ho  stadspesifikke installasjonar sett saman av skulptur, måleri, video og foto. I atelieret hennar er det eit kaos av oppsamla materiale, tankar og idear, ein stad der slump og innfall får regjera. I dette kaoset oppstår det surrealistiske historier Bang Larsen ikkje kjenner særleg kontroll over, og heller ikkje forstår, men som ho likevel bringar fram med stor tiltru og presisjon. Det tvitydige går som ein raud tråd gjennom arbeida hennar og er med på å opna opp for mange uventa assosiasjonar og tolkingar i møte med publikum. Med ein forførande estetikk lokkar Bang Larsen besøkande inn i utstillinga, der dei kan spinna vidare på kjenslene og stemningane arbeida framkallar.  Installasjonen ”Samlaren” er spesifikt laga for Hvelvet.

Nina Bang Larsen (f. 1981) bur i Bergen og har master frå Kunsthøgskolen i Bergen. Etter enda utdanning har ho produsert mange ulike separatutstillingar; Oppland Kunstsenter (2018), Studio 17 (2017), Vestfold Kunstsenter (2015), Prosjektrom Normanns (2014), Kunstmuseet NordTrøndelag (2014), Soft Galleri (2012). I 2016 mottok ho 3-årig stipend frå Billedkunstnernes Vederlagsfond.

www.ninabanglarsen.no

Åpningstider:
Tir – Ons – Fre: 11.00 – 16.00
Tor: 11.00 – 18.00
Lør – Søn: 12.00 – 16.00
Man: Stengt

Mer info: http://kraftkunst.no

Foto: Nina Bang Larsen