Utstillingsopning: Ine Harrang/Johan Havaas/Torkel Lillefosse + Ingrid Pasmans

Velkomen til opning av to nye utstillingar i Kunsthuset Kabuso:
* Harrang/Havaas/Lillefosse (hovudutstilling)
* Ingrid Pasmans – Hardanger herbarium (foajéutstilling)

Hovudutstillinga er sett saman av Exsiccatae , eit verk av Ine Harrang, (1960-) kunstnar frå Molde, ei samling lav og mose frå Johan Havaas (1864-1956) botanikar og lavforskar frå Granvin, og akvarellar av Torkel Lillefosse (1868-1946), botanikar og plantemålar frå Strandebarm.

Utstillinga er ei hyllest til verdien i detaljar og den stille utforskinga av naturen me er del av. Kuratert av Sissel Lillebostad.

I foajeen opnar Ingrid Pasmans – Hardanger Herbarium.
I august og september 2018 hadde Ingrid Pasmans opphald som kunstnar på KHMessen i Ålvik. Naturen i Hardanger blei svært inspirerande for ho. Ingrid Pasmans laga i perioden eit Hardanger Herbarium; plantar, blad, blomar og tang funne i Hardanger og tørka mellom arka i eit gammalt norsk leksikon. Ho brukte plantar frå Hardanger til kunstverka; to 2,5 meter høge akvarellar av viltvaksande plantar og ein installasjon av fliser av porselen.