Utstillingsopning: Sandra Vaka – Jugs

Vel møtt til opning av Sandra Vaka si utstilling, Jugs i Kabuso laurdag 8. september 13.30. Kunstnaren vil vere til stades under opninga.

(English text below)

Kabuso er stolte over å presentere soloutstilling med Sandra Vaka. Verka hennar spring ofte ut frå fotografiet, anten ho arbeider med egne bilder eller funne materiale som ho omorganiserar. I denne utstillinga viser Vaka fotografiske arbeid og ein ny skulpturserie i glas.

Biletserien Jugs kretsar kring temaet vatn. Det er foto av vatn på vatn. Kunstnaren har måla omriss av mugger (jugs) med vatn på ein dataskjerm, for så å fotografera skjermen med eit analogt kamera. Vassdråpane blir som ei linse og bryt lyset og forstørrar pikslane på skjermen. Slik peikar verket tilbake på fotomediet og avdekker koplingar mellom natur og teknologi. Mugger (jugs) kan vera vulgær slang for kvinnebryst, men vasskanna kan óg betraktast som eit symbol for liv, sjenerøsitet og historisk sett – for grådigheit. Glasskulpturane i utstillinga liknar vasskanner, med hank og form og proporsjonar til ei kanne utan opningar. Skulpturen blir forvridd og, i praktisk forstand, ubrukeleg.

Forskarar har i fleire år hevda vi er inne i ein ny geologisk tidsalder, forårsaka av menneskeleg aktivitet på jorda. Til tross for ei overveldande bevismengd er forholdet mellom enkeltindividets ansvar og globale endringar nesten umogeleg å fatte.
Dei ulike verka har titlar frå brus og annan leskedrikk, som til dømes Jugs (fanta) og Jugs (blueberry blast kool-aid). Dei fargerike, våte bildeta er estetisk behagelige abstraksjonar, men når ein studerar dei nærare får ein auge på at motiva bakanfor vasskanna er av oljeutslepp, flom og andre naturøydeleggingar, og det blir nærliggande å stille spørsmål ved vår eiga rolle i klimaregnskapet.

Sandra Vaka (f. 1980). har hatt soloutstillingar på stadar som NoPlace (2017), Kunstnerforbundet (2017), Melk (2016), Rogaland Kunstsenter (2015) og Frankfurt Am Main (2015). Ho har også delteke på ei rekke gruppeutstillingar i inn- og utland, eksempelvis KINDL – Zentrum für zeitgenössische Kunst (2018), House of Ergon (2018), Kunsthall Oslo (2017), Centro Nacional de las Artes (CENART) (2017), Island Oslo (2017) WILDLIFE Sculpture Park (2017), Vestfossen Kunstlaboratorium (2017) Stavanger Kunstmuseum (2017), Kunstvirein Nürnberg (2016), Kunstnernes Hus (2016) og Lillehammer Kunstmuseum (2016). Hun deltok på Forbundet Frie Fotografers Vårutstillingen i 2017, kor ho også vart tildelt Fotokunstprisen. Til neste år vil ho ferdigstille ein permanent offentlig skulptur i Hovidbekken i Oslo, bestilt av kulturetaten i Oslo kommune.
Vaka har ein mastergrad i kunst fra Det Kongelige Danske Kunstakademi og ein bachelorgrad frå Kunsthøgskulen i Oslo. Ho bur og arbeidar i Berlin og Stavanger.

Opning ved kurator Espen Johansen.

________

We welcome you to the opening of Sandra Vaka’s exhibition, Jugs at Kabuso Saturday, 8th of September at 13:30. The artist will be present at the opening.

Kabuso is proud to present a solo show with Sandra Vaka. Her works usually depart from the field of photography, whether she is working with her own photos or re-make found materials from Internet. For this exhibition Vaka shows photograpic work, and a number of glass-sculptures.

The photo series ‘Jugs’ relates to water. Photos of water on water. The artist paints jugs with a wet finger on a computer screen before photographing the screen with an analog camera. The water becomes a lens which breaks the light and enlarge the pixels in the screen. Hence the work points back to the medium of photography and reveals connections between nature and technology. Jugs is a vulgar slang for a woman’s breasts, and the jug can also be seen a symbol of life, sharing, and historically – also of greed. The glass sculptures in the show is also jug like, with the handle, shape and proportions resembling a glass jug with no openings, the sculpture becomes contorted and – in any practical sense – purposeless.

Scientists have for years claimed we have entered a new geological time, caused by human activity on the earth. Despite an overwhelming body of evidence, it is almost unfathomable to fully understand the correlation between the responsibility of a single individual and changes on a global scale. The different works are titled after sodas and other beverages such as Jugs (fanta) and Jugs (blueberry blast kool-aid). The colorful, watery images are aesthetically pleasing in their abstractedness, but on closer inspection one becomes aware that the images behind the painted jugs are in fact of oil spills, floods and other environmental disasters. From vast oceans to consumer-friendly portion packs and back again, it seems like good sense to question our own role in the climate accounts.

Sandra Vaka (b. 1980) have had solo exhibitions at NoPlace (2017), Kunstnerforbundet (2017), Melk (2016), Rogaland Kunstsenter (2015) and Frankfurt Am Main (2015) among others, and participated in group exhibition in a number of places nationally and internationally, some including KINDL – Zentrum für zeitgenössische Kunst (2018), House of Ergon (2018), Kunsthall Oslo (2017), Centro Nacional de las Artes (CENART) (2017), Island Oslo (2017) WILDLIFE Sculpture Park (2017), Vestfossen Kunstlabaratorium (2017) Stavanger Kunstmuseum (2017), Kunstvirein Nürnberg (2016), Kunstnernes Hus (2016), and Lillehammer Kunstmuseum (2016). She showed at the national organization for photograph artists’ Spring Exhibition in 2017, where she was awarded the photo art price. Next year she will put up a public sculpture in the river Hovidbekken in Oslo, on commission of Kulturetaten in Oslo. Vaka have a MFA from The Royal Danish Art Academy of Fine Arts, Copenhagen and a BFA from Oslo National Academy of the Arts. She lives and works in Berlin and Stavanger.

Opening by curator, Espen Johansen