Utstillingsopninger: Mette Tronvoll, Ingrid Torvund, Sverre Wyller, Anne-Karine Solgaard

Hå gamle prestegard

23.03.19 – 26.05.19

Hå gamle prestegard startar våren med fire nye utstillingar.

Velkommen til opning 23. mars kl. 14.00.
Mette Tronvoll (foto), Ingrid Torvund (video), Sverre Wyller (maleri og skulptur),
Anne-Karine Solgaard (smykke)

23. mars – 26. mai:

Mette Tronvoll
PORTRETTER
fotografi
Fotografering av menneske dannar kjerna i Tronvoll sitt virke som kunstnar. I gamle fjoset møter me fleire av Tronvoll sine særeigne portrett. Utstillinga er eit utval arbeid med utgangspunkt i portrettseriane Afrikanske bilder frå 2016 og Zambia frå 2014. I landa Tanzania, Kenya, Rwanda og Zambia møtte Tronvoll menneske innan ulike yrkesgrupper; jordbruk, turisme, energi og bankvesen. Dei portretterte er menneske med svært ulik sosial status, frå folk i slumstrøk til meir privilegerte stillingar. I motiva er Tronvoll oppteken av å fange møtet med den portretterte i deira naturlege kontekst. Dette er eit naudsynt premiss for at fotografia skal verta sett på som sanne og nære for betraktaren.
Mette Tronvoll bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna frå Person School of Design i New York. Tronvoll er innkjøpt av Nasjonalmuseet for kunst, The Metropolitan Museum of Art, Moderna Museet og fleire andre museum og samlingar.

Anne-Karine Solgaard
LYTT OG STIKK
smykke / objekt
Tema for utstillinga til Anne-Karine Solgaard er “medisinske instrument”. Utstillinga består av verk med titlar som Stetoskop og Sprøyte. Dette er halssmykke/objekt som er sett saman av ulike materiale og ferdigelement, der alle gjer assosiasjonar til legekontoret. Men med ferskvatnperler og blankpussa sølv er dei og vakre objekt i seg sjølv. Det blir difor eit spennande samspel mellom det som kan gje dårlege minne og det ein har lyst å pynte seg med. Eit typisk trekk med Solgaard sin produksjon er at ho nyttar ukonvensjonelle materiale som skruer, mutrar, plast og gummi i kombinasjon med edle materiale som sølv, perler og smykkesteinar i verka sine.
Anne-Karine Solgaard bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Det er no ti år sidan ho førre gong hadde utstilling på Hå gamle prestegard, den gongen med smykke i PVC og gummi.
23. mars – 2. juni:

Ingrid Torvund
I FOUND YOU UNDER EARTH, UNDER BLOOD
video
I nye løa får me eit innblikk i det fantastiske universet til Ingrid Torvund. Heilt sidan ho gjekk ut av Kunstakademiet i 2012 har ho fordjupa seg i kunstfilm. Den siste filmen, som nett har blitt ferdigstilt, har tittelen I FOUND YOU UNDER EARTH, UNDER BLOOD. Saman med eit utval rekvisittar blir dette ein av to filmar publikum får oppleve i ei mørk løe på Hå gamle prestegard no i vår. Filmane til Torvund går føre seg i eit eventyrleg univers; ei mytologisk verd som er tidlaus, mystisk og drøymande. Torvund er frå Kviteseid i Vest-Telemark og ofte nyttar ho denne staden i filmane sine. Området er kjent for folkemusikk, treskjering, munnleg historieforteljing og gamle kyrkjer der heidenske og kristne symbol eksisterer side om side. Alt dette er element som blir nytta i verka hennar. Filmane er laga i samarbeid med Jonas Mailand.
Ingrid Torvund er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo. Ho er innkjøpt av mellom andre Oslo kommunes kunstsamling og av Kiasma Museum of Contemporary Art i Helsinki.

Sverre Wyller
MALERI OG SKULPTUR
I nye fjoset syner Sverre Wyller både skulptur og objekt. Wyller nyttar eit abstrakt og organisk formspråk, enten det gjeld maleri eller skulptur. Maleria me får sjå i utstillinga er utført i eggtempera på lerret. Kunstnaren utforskar problem og moglegheiter i maleriet, samt omgrepa dualitet og separasjon der maleria i store format er delt opp i fargeseksjonar, delvis med overlappande fargar. I skulpturane arbeider Wyller ofte med tre, gjerne i kombinasjon med metall. Gjenbruk av materiale har vore eit gjennomgangstema i kunstnarskapet hans over lengre tid. I utstillingsperioden og gjennom heile sesongen vil publikum møte ein større skulptur utanfor hovudinngangen. Med dei mindre skulpturane i utstillinga og den utandørs skulpturen ser me korleis Wyller er oppteken av treverket. Sjølve utforminga av treet kan sjå ut som ein tilfeldigheit, men Wyller arbeider bevisst med balanse og form. Somme gonger er treelementa grovt tilhogga, andre gonger fint pussa og arbeida med.
Sverre Wyller er utdanna ved Arkitekthøgskolen og Statens Kunstakademi i Oslo og ved kunsthøgskolen i tidlegare Vest-Berlin. Wyller bur og arbeider i Oslo og er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet for kunst.