Arild Våge Berge

Navn:
Arild Våge Berge

Kommer fra:
Ørsta, Sunnmøre

Bor:
Bergen/Oslo

Utdannelse:
Master i Kunst og Bachelor i Fotografi frå Kunst og Designhøgskolen i Bergen, Musikkpedagogikk frå Agder Universitet og Praktisk pedagogisk utdanning frå KHiB.

Hva jobber du med?

Eg jobbar med fotografi, objektbaserte skulpturar, bøker, video og tekst.

Hva inspirerer deg?

Det som inspirerer meg mest er kanskje lange reiser og utilgjengelege plassar. Eg er fascinert av tanken på at det er så mykje men samtidig så lite ein kan forstå som menneske. Eg trur det er denne motsetninga som gjer at eg syns det er heilt uimotståeleg å jobbe med kunst.

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?

Viktige tema er landskap, arkiv, teknologi og temporalitet. Eg er veldig interessert i representasjon, materialitet og forgjengeligheit. Kunstinteressa mi byrja med fotografi, og sjølv om eg har bevega meg utover dette mediet har eg framleis ei solid forankring i eit fotografisk blikk. Eg er vel kanskje ein konseptualist med eit historieforteljande tilsnitt. Masterprosjektet mitt The Gravity of a Lake Focused into One Point omhandla familiehistoria mi der ingeniørarbeid og vasskraftutbygging har vore definerande for korleis eg forstår meg sjølv som kunstnar og mitt forhold til min far og bestefar. I dette prosjektet prøvde eg å vise kva som stod på spel i historia eg ville fortelje ved å sette den opp mot naturgitte kvalitetar i materialer samla frå forskjellige typar arkiv. Eg ville skape ein type ustabile monument som viser det problematiske ved menneskelege relasjonar og det å forholde seg til fortida.

Hvorfor ble du boende i Bergen?

Eg takka først nei til studieplass ved KHiB i 2010 for å bli helikopterpilot. Eg flytta deretter heim til Sunnmøre for å spare pengar til dette. Men etter eit halvt år der var eg i gang med eit nytt fotoprosjekt i staden for å øve i flightsimulator. Då tok eg hintet og søkte meg inn på KHiB igjen. Etter det har eg studert kunst i Bergen i 6 år og er glad for det.

Hva er det beste med miljøet og byen?

Eg syns kulturen rundt dei kunstnardrivne galleria er veldig bra. Bergen har òg ei slags nærheit i kunstmiljøet som dannar eit godt felleskap. Det er fint at Kunst og Designhøgskulen (KMD) er engasjert i dei andre kunstinstitusjonane i byen. Dette trur eg er bra for utdanninga og viktig for dei kunstnarane som er i etableringsfasen. For meg er òg nærleiken til den grenselause naturen veldig viktig. Havet og fjella!

Hva savner du i det bergenske kunstmiljøet?

Eg har til tider opplevd at dei bergenske avisene har nedprioritert kunst og kultur. Når dette er sagt har det vore mykje diskusjon i media i det siste rundt kunst og kommunikasjon. Og ekstra bra er det jo at VISP og Bergensavisen no samarbeidar om å vise lokal kunst med fast spalteplass.

Hva jobber du med for øyeblikket?

Eg er vitenskapelig assistent i det kunstneriske forskningsprosjektet Topographies of the Obsolete. Eg pakka nettopp ned gruppeutstillinga og seminarhelga Bruddflater på Galleri Felt saman med Åsne Eldøy og Sara Kollstrøm Heilevang. Ellers er eg i gang å søke støtte til ein residency og utstilling ved Art and Culture Outreach i Hong Kong til hausten.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?

Eg har starta forarbeid til eit nytt prosjekt. For tidleg å seie kva dette handlar om, men eg trur eg vil fortsette å sette historiske narrativ opp mot materielle premiss slik eg gjorde i masterprosjektet mitt. Ellers skal eg byrje å undervise hos Oslo Fotokunstskole til hausten.

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?

Her vil eg trekke fram Sjur Eide Aas. Han lagar spennende skulpturar som på snurrig vis stiller fundamentale spørsmål om vår relasjon til objekt og deira representative kraft. Veldig spennande!