ARTIST IN RESIDENCE – RØLDAL: PLASS LEDIG FOR GJESTEKUNSTNAR JULI 2018, frist 14/2

Foto: Imi Maufe

Vegetasjonens overflod, og artsmangfaldet i enger og slåtteteigar ligg til grunn for at Røldal Litteraturhus i juli 2018 ønskjer å husa ein kunstnar som, uansett media, vil arbeida i forhold til botanikk.
2018 blir 3. gong ein gjestekunstnar blir tatt imot i stavkyrkjebygda med 531 fastbuande. Røldal Litteraturhus/ Bokbua er eit nonprofit-prosjekt, dreve av lokale entusiaster – med ei stor samling av lokale bøker for forskning, bruktbøker for salg. Det er rom for boklanseringar, opplesingar og andre språk-relaterte hendingar.
Kunstnaren vil stå heilt fritt til å definera eit prosjekt, men kan finna kunnskap i Litteraturhuset, blant anna i: bygdebok-kapittelet om ”Plantelivet i Røldal” forfatta av A.Odland; masteroppgåva om fjellvekster i fossesprøytsoner v/ A.Lynghammar; ulike bøker om medisinurter; i muntlege forteljingar om kva for planter ein nyttiggjorde seg i bygda før i tida. Røldal ligg nedsnødd halve året. Men i stavkyrkja er sommarens bugnande vegetasjon konservert i form av overdådig rosemåling på vegger og tak.
Prosjektet i regi av Verdens Minste Litteraturhus vil sørgja for kost og losji for gjestekunstnaren på ein gard som driv tradisjonell slåttonn og høytørking. I tillegg vil det bli utbetalt eit honorar på kr.10.000,- i.h.t. nærmere avtale.
Bussforbindelse til Bergen tek 4, til Oslo 6 timer; kunstnaren betaler reisa sjølv.
Send ein kort søknad (max.2 A4-sider med cv/referanseprosjekt) til susanne@urbanrabbe.no innan 14. februar 2018. Ikkje nøl med å ta kontakt hvis du lurer på noko!

English text: Artist in residence _ Røldal juli 2018_engelsk (1)