Alice Slyngstad

Hva jobber du med?
Installasjon og performance.

Hva inspirerer deg?
Det ligg mykje kraft og sårbarheit i å dele mennesklege erfaringar, men det kan også i blant kjennast umogleg å finne passande ord for det ein opplever. Eg er fascinert av korleis kropp og språk blir forma av normer, system og kapital, og korleis desse endringane fort kan bli så integrerte at ein ikkje eins legg merke til det. Forfattarar som skriv autofiksjon og autoteori inspirerer korleis eg tenker og skriv, og eg sett pris på prosessar der personlege erfaringar blir brukte som inngang til større spørsmål. Situasjoner som er tvetydige vekker interessa mi, gjerne noko som kan opplevast som både heilt kvardagsleg og fullstendig absurd på same tid.

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?
Eg arbeider med utgangspunkt i tekst og lyd, der verka tek form som installasjon, skulptur eller performance. Eg er opptatt av språk som materiale, og av korleis meining oppstår gjennom møtet mellom publikum, rom, klang, objekt, rytme, timing og kontekst. Mykje av praksisen er prega av tenking gjennom performance- òg når eg arbeider med rom, objekt og tekniske innretningar. Dei siste åra har eg arbeidd meir med performative installasjonar, der rom, skulpturar, skjermar, høgtalarar er utøvarar i ein slags tidsleg koreografi, eit teknisk score. I slike prosessar er eg òg oppteken av korleis publikum orienterer seg i rom, og av normer som følgjer ulike format. Det er forskjell på å lese tekst på ein skjerm, lytte til ei stemme som les, eller lytte til musikk; på å sitje i eit mørkt rom eller å bevege seg gjennom eit opplyst galleri. Det kan òg vere sårbart å oppleve kunst. Kunstrom gjer oss ofte meir medvitne om korleis vi beveger oss, kor mykje plass vi tek, kor lenge vi blir ståande, eller kor tett vi sit på andre. Eg er interessert i korleis desse potensielle sårbarheitene i publikumsrolla kan stå i dialog med sårbarheita som finst i tekstane eg skriv. På den måten tenker eg ofte på publikum som utøvarar, der opplevinga blir skapt i møtet mellom publikum, rom og dei ulike elementa.

Hvorfor ble du boende der du bor?
Eg flytta til Oslo frå Amsterdam for tre år sidan, etter å ha studert og arbeidd der i fire år. Eg ønskte å etablere meg i eit meir langsiktig perspektiv og opplevde at Oslo gav moglegheiter for å skape ein god kvardag som kunstnar.

Hva er det beste med miljøet og stedet?
At det er ein relativt liten by som framleis har mange moglegheiter for kunstnarar, der eg opplever at det finst rom for initiativ. Og eg set pris på alle dei kunstnardrevne visningsstadane

Hva savner du i det lokale kunstmiljøet?
Då eg budde i Amsterdam, satte eg stor pris på dei internasjonale miljøa rundt Rijksacademie og De Ateliers. To godt etablerte residensprogram som skapar møtepunkt mellom lokale og internasjonale kunstnarar, gjennom opne studio-arrangement, utstillingar og samtalar. Eg skulle gjerne sett eit større residensprogram i Oslo, med gode produksjonsfasilitetar og møteplassar der kunstnarar kan dele prosessar og arbeide på tvers av lokale og internasjonale miljø.

Hva jobber du med for øyeblikket?
Eg jobbar blant anna med ei utstilling som opnar på Van Etten i Oslo i januar, her arbeider eg meir mot eit skjermbasert verk, så med tekst, litt video og animasjon.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?
At det skal fortsette å kjennast spennande og utfordrande, og kanskje nærme seg ein balanse mellom stabilitet og uføreseielegheit.

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?
Guri Simone Øveraas! Ho bur i Trondheim og utforskar mellom anna humoristiske møte mellom menneske, kultur og stadshistorie. I sin siste performance, som var ein del av Trondheimsbiennalen, tok tre utøvarar i eit trepersonskostyme publikum med på ein kronglete guida tur langs Lademoens gamle bekkeløp.

Navn

Alice Slyngstad

Kommer fra

Sykkylven i Møre og Romsdal

Bor

Oslo

Utdannelse

BFA Kunstakademiet i Oslo + MFA Sandberg Institute