Geir Brungot

Navn
Geir M. Brungot

Kommer fra
Herøy, Sunnmøre

Bor
Sykkylven

Utdannelse
Under Lewis Baltz 1985
Paul Hill 1987
Autodidakt

Hva jobber du med?
Fotografi, video, installasjon

Hva inspirerer deg?
Livet, men les masse, ser mykje film, er mykje med barnebarn og har budd ca 10 år i storbyar som Praha, Paris, Wien, Barcelona, Hannover.

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?
Er ekstremt nysgjerrig og går ulike stiar inn i bileta mine med kva eg føler, alltid intuitivt kva eg tek bileter av, alltid lang samansettingsperiode. Brukar landskapet (definisjon på landskap er alt utafor døra, by og land) som metafor på mitt eige liv og det som skjer både ubevisst og bevisst i sinnet mitt. Alt er ikkje sjølvopplevd, difor er det personleg, men ikkje privat. Det som kjem ut gjennom kameraet er ein miks av kva ein opplever, les, ser, personlege møter etc. Det er viktig at eindel som ser utstillingane mine går inn i dei med sitt eige, at dei skapar sine eigne relasjonar/opplevelsar utifrå seg sjølv.

Hvorfor ble du boende der du bor?
Barn og barnebarn.

Hva er det beste med miljøet og stedet?
Familie, og ein får arbeidsfred og rimeleg studioplass. Så bur eg i ei forholdsvis lita bygd der det er kompetanse på nesten alt, sidan ein stort sett kjenner dei fleste litt kan ein få hjelp til det meste.

Hva savner du i det lokale kunstmiljøet?
Ikkje så mykje sidan eg har to gode kollegaer her, Marit Akslen og Kjell Gunnar Overøye, som har store kunnskaper og er særs fine å diskutere med. Men det eg savnar er at dei som bur på ein liten stad og arbeider seriøst vert tatt meir alvorleg av statens stipend.

Hva jobber du med for øyeblikket?
Har akkurat ferdigstillt ei utstilling til Camera Lucida og har byrja samansettinga av ei stor utstilling i Kristiansund Kunsthall til hausten og ei i Hannover i 2025.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?
Å gjere akkurat det eg gjer no. Lage verk og ha utstillingar, etterkvart gi ut bok nr. 3, ha moro og alvor med familien, eit ønske er å kunne reise til Japan for å fotografere randsoner uttafor store sentra.

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?
Stein Koksvik