Gunvor Olsen

Navn:
Gunvor Olsen

Kommer fra:
Øvre Årdal

Bor:
I Sandviken i Bergen

Utdannelse:
Eg tok hovudfag på Tekstilavdelinga ved SHKD i 1989 og tok mellomfag i kunsthistorie nokre år seinare

Hva jobber du med?

Tekstil.

Hva inspirerer deg?

Kva som helst: biletkunst, litteratur, fargar, former, tekstur, natur…

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?

Mitt råmateriale har vore ullfilt heilt frå studietida. Eg har laga han sjøl, frå lause fibrar, men måten eg har forholdt meg til prosessen, og måten han har verka på uttrykket i arbeida mine har endra seg over tid.Det er ein enkel prosess, der mekanisk og kjemisk påverknad ( rørsle, vatn og såpe), låser fibrane saman i samanhengande flater. Tidleg i karrieren er desse flatene store, saumlause. Det handlar om naturkrefter, om samanhengar, om liv. Fargane er fiberens naturlege, svart, grått, kvitt. Det var masse vatn og såpe og det tok tid, det var fysisk krevande. Arbeida ber preg av at eg jobba parallelt med kolstift, dei flytande fibrane blei strekar, strekane blei fiber.

So fekk eg nytt atelier. Det var mindre og mangla sluk, so eg måtte nærma meg materialet på nye måtar. Eg måtte bygga opp arbeida frå mindre bestanddelar, dei vaks utover og danna nye mønster, større samanhengar, som i arbeidet Blonde.

Eg arbeider i tekstile materialar og står dermed i ein tradisjon der mønster, repetisjonar og rekombinasjonar har vore ein sentral måte å utrykka seg på. I denne prosessen endrar også fargepaletten seg, frå det fåfarga og avdempa til det kontrastfylte og mangfaldige, fargane vert byggesteinar i seg sjøl.

Samstundes oppdaga eg ein ny forfattar. Eg leste Grensetrilogien av Cormac McCarthy, og blei berørt. Dei stadig tilbakevendande manande skildringane av einsame ryttarar i storslegene landskap i grenseområdet mellom Mexico og USA fasinerte og inspirerte meg. Eg har aldri vore der, so det stod meg fritt å omsetta CMC sine ord til farge og form, til å skapa klipper, fjellformasjonar og flate firkanta adobehus i fjellsidene.

Hovedpersonane i bøkene befinner seg ute i grenseland i både bokstaveleg og overført betydning. Dei er utstøtte, jaga, einsame. Denne stemninga, denne einsemda og tomheten prøver eg å formidla i mine abstraherte landskap, og også i dei seinaste arbeida i denne serien, der eg har bevega meg mot ein større grad av figurasjon.

Hvorfor ble du boende i Bergen?

Eg hadde allereie etablert eit nettverk gjennom studietida, det fanst ledig atelierplass og byen var stor nok til å dekka behovet for kunst- og kulturopplevingar.

Hva er det beste med miljøet og byen?

I løpet av mi tid i Bergen har det kome stadig fleire utstillingsplassar, og me kan sjå
nasjonal og internasjonal kunst av høg kvalitet. Det har kanskje mangla litt på arenaer for lokale kunstnarar, men dette har og betra seg; med Kunstgarasjen som det siste tilskotet.

Hva savner du i det bergenske kunstmiljøet?

Ikkje noko spesielt. Eg opplever miljøet som opent og inkluderande.

Hva jobber du med for øyeblikket?

Eg er inne i ein periode no der eg har so lange avbrekk frå atelieret at det er vanskeleg å vera i ein kontinuerleg kreativ prosess. Eg har funne fram gamle arbeid, restar og anna “verdilaust” materiale, og prøvar å jobba etter innfallsmetoden.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?

At denne meir innadvendte perioden på atelieret skal opna andre dører og at dei uventa ideane skal strøyma på.

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?

Birgit Eide. Ho tematiserar forholdet vårt til religion i mange av arbeida sine, ei aktuell problemstilling for tida, og kombinerer brukte og funne materialar og objekt på måtar som er både slåande og morosame.