Bornas Kabuso: Peter Pan

Bli med Peter Pan, Tingeling og venene deira på ei fantastisk reise frå den glitrande stjernehimmelen over London og heile vegen til det fantastiske Drømmeland – ei verd av spenning, magi, havfruer og grufulle piratar.
Peter Pan er historia om den fantastiske, flygande guten som aldri vil bli vaksen.

Lengd 1 t. 16 min.
Papir og blyantar ligg klare på teiknebordet etter filmen.

Kabuso kunst- og filmklubb er eit månadleg tilbod til born i Kabuso. Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2019.
Vaksne går gratis i følge med born.

Inga aldersgrense, inga påmelding.
Passar for alle.