Første utkast/Adolescent outcast – Brynhild Winther på Bryne Kunstforening

Bryne Kunstforening

16.02.19 – 17.03.19

Brynhild Winther viser utstillinga “Første utkast / Adolescent outcast” på Bryne Kunstforening

Dei sa at tida renn vekk slik som elva, men eg visste at elvene var på veg til
sjøen
kor bølgene slår og slår mot steinane. I gamle dagar tok dei vaksne ofte feil.

Dei vaksne lærte oss ein song om at alle er like inni, sjølv om dei er ulike på utsida. Eg visste at det ikkje var sant, og eg forstod ikkje kvifor me skulle late som om alle var like.

indiviDUALISME

Stillheita før musikken startar. Før lyden
riv hol i vinden og flerrar kjøtet ut av pusten. Du har aldri
skreket høgare, styggare
vakrare

Går det ann å spire utan å bryte fram?

Og alle orda du sa
blåste bort, så eg høyrde deg ikkje

Veit du, det finnst menneske som aldri har holdt ein neve jord.
Det finnst menneske som aldri har holdt ein draum lenge nok til å bli svart under neglene.

Det ligg noko under røtene til Wunder-Baum-treet.

Hjemmeside Brynhild Winther