Mari Norddahl – Snakes Seals and Stones

Visningsrommet USF

10.05.19 – 19.05.19

Velkommen til utstillingsåpning fredag 10. mai kl. 19.00.
Vises t.o.m. søndag 19. mai.
Åpent mandag – søndag kl. 12.00 – 16.00.
Torsdag kl. 12.00 – 18.00.
Lukket 17. mai.

Det vart akkurat slik ho hadde sett for seg. Formene er opne og materialet mjukt. Likevel kan ho merke ein liten rest med tvil. Var det dette stoffet ville bli til? Var det denne forma fibrane skulle pressast inn i? Som skapar prøver ein å holde kontrollen over objekta, men må innrømme at dette er ein umogeleg oppgåve. Materien snor seg vekk frå all rigid trang til å definere seg og blir gjennom auget til noko nytt for kvar gang vi møter det.

Det er naturleg å spørje kva det er, dette vi ser på. Alle vil vi jo vite kva det eigentlig førestiller, men det finst ingen fasit. Det er ikkje alltid så lett å vite om ein skal plukke frå kvarandre det ein lagar, klinisk og omstendelig, for å forklare samansettinga med store ord og koplingar.

Ein får prøve gløyme det ein opphavleg hadde tenkt, og i staden huske på at dei ikkje finst berre éin konvensjon om kva ein form kan vere. At objektet først vert fullført av minnet – samstundes som at dei av og til berre er. Dei sitt der og putlar med sitt, før situasjonen vert broten opp og objekta pakka vekk.

Mari Norddahl arbeider med performance, skulptur og installasjon, der mjuke, abstrakte tekstilobjekt står sentralt. Desse opptrer i arbeida som eigne vesen med ein eigen agenda, og følgjer ein organisk estetikk med ein likskap til det kroppslege. Norddahl har ein master i kunst frå Fakultet for Kunst, Musikk og Design frå 2017. Snakes, Seals and Stones er resultatet av to års arbeid i atelier for nyutdannede i Kunstnerverksteder CS55 (2017-2019).

Kunstnerens nettside http://marinorddahl.no

Utstillinga er støtta av Bergen Kommune.

**********

It turned out just the way she had envisioned. The shapes are open and the materials are soft. Yet a touch of doubt lingers. Was this what the fabric wanted to become? Was this the shape the fibers should be pushed into? As the creator one tries to keep control over the objects, but has to admit that this is an impossible task. The matter squirms away from rigid urges to be defined, and through the eye of the viewer transforms into something new every time it’s encountered.

It’s natural to ask what this is, this thing we are looking at, but there is no right or wrong answer. It’s not always easy to know if one should pick the work apart, slowly and meticulously, to try to explain it all with big words and connections.

Try to forget the original thought, and keep in mind that there is not just one conventional understanding of what a shape can be. That the objects are first completed by memory – but sometimes they are just things in themselves. They sit there, minding their own business, before being interrupted and packed away.

Mari Norddahl works with performance, sculpture and installation, where soft, abstract textile objects have a central place. These perform in work as their own beings with their own agenda, and follow an organic aesthetic with a similarity to the corporeal. Norddahl holds an MFA from the Faculty of Fine Art, Music and Design from 2017. Snakes, Seals and Stones is the result of two years in the studio for recent graduates at Kunstnerverksteder CS55 (2017-2019).

The exhibition is supported by Bergen Kommune.