Utstillingsopning: Vestlandsutstillingen – Vi er stedene

Velkomen til utstillingsopning i Kunsthuset Kabuso i Øystese laurdag 4. mai!
Merk gratis buss frå Bergen tur/retur blømande Hardanger:
https://www.facebook.com/events/2123036447811749/

Program:
13.45: Filmvisning : Aleph Null & The Missing Mass av Tor-Finn Malum Fitje (i konsertsalen)
14.00 Opning MERK TIDSPUNKTET!
16.00 Konsert: Borealis – Ung komponist. Gratis for deg som deltek på opninga

Vestlandsutstillingen 2019 tek form av ei gruppeutstilling og stadspesifikke verk til kvar visningsstad, samt ein publikasjon som både stiller ut kunstverk og inneheld ein lengre tekst om Vestlandet anno 2019 – det siste året med landsdelen slik me kjenner han i dag. Forfattar og kurator er Marte Danielsen Jølbo frå Stavanger.

«Det siste året har jeg tenkt mye på steder, på hva som konstituerer et sted, men også hva som gjør at de nye stedene man gjennom livet flytter til etterhvert føles som et hjem.Hva innebærer det å føle seg hjemme i et landskap?» – Marte Danielsen Jølbo i Vi er stedene

Gjennom dei tre utstillingsspora opnar Jølbo for spørsmål som knytt kunsten til stad og materialitet, stadshistorie, tilhøyrsle, litteratur og politikk. Utstillinga gjev døme både på korleis kunsten kan væra ein stad for tenking og diskusjon rundt aktuelle samfunnsspørsmål så vel som personlege estetiske erfaringar og refleksjon.

I Kabuso vert det presentert eit stadspesifikt verk av Solveig Landa.

eltakande kunstnarar:

Gruppeutstilling:
Anette Gellein, Arild Våge Berge, Åse Løvgren & Stine Gonsholt, Aurora Solberg, Gunnhild Torgersen, Hilde Frantzen, Elin Brissman, Ida Madsen Følling, Johanne Hestvold, Kenneth Varpe, Maiken Stene, Margrethe Aanestad, Natasja Askelund, Ole Martin Lund Bø, Per Christian Brown, Roddy Bell, Siv Bugge Vatne, Stian Ådlandsvik, Tor-Finn Malum Fitje, Trond Hugo Haugen, Yngve Mathisen

Stadspesifikke verk:
Azar Alsharif (Kunsthall Stavanger), Hans Edward Hammonds (Haugesund Billedgalleri), Ingrid Lønningdal (Kunstgarasjen), Jiska Huizing (alle visningsstadene), Lillian Tørlen (Kunstmuseet KUBE), Solveig Landa (Kunsthuset Kabuso), Tone Wolff Kalstad (Sogn og Fjordane kunstmuseum)

Publikasjon:
Agne Btffn, Anna Ihle, Bjørn-Henrik Lybeck, Endre Aalrust, Kent Fonn Skåre, Kristin Velle-George