Klara Sofie Ludvigsen

Navn:
Klara Sofie Ludvigsen

Kommer fra:
Stord

Bor:
Sandviken

Utdannelse:
BA (Hons) i Photography and Media Arts frå Kent Institute of Art and Design, med utveksling til Universitat Politècnica de Catalunya, Barcelona

Hva jobber du med?

Fotografi, installasjon, video

Hva inspirerer deg?

Å flytte på meg. Ikkje nødvendigvis så langt. Eg opplev ein samanheng mellom fysiske bevegelsesmønster og tankemønster. Når flyet lettar, lettar tankane mine litt og.

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?

Eg arbeider med utgangspunkt i fotografi og er interessert i det fysiske aspektet både ved arbeidet og opplevinga av det fotografiske mediet. Eg vart gradvis oppmerksam på irritasjonen som oppstår i kroppen når eg sit foran ein skjerm, og dette har ført til at eg arbeider mykje med eldre prosessar som storformat og mørkerom. Det å arbeide så fysisk og med tidkrevande og dyre metodar gjer at eg får ein anna relasjon til arbeidet, eg får meir respekt for det. I april i år hadde eg utstillinga Pleinair på Visningsrommet USF saman Erik Friis Reitan. Her viste eg nye verk der eg arbeider med å vende bilete opp ned. Dette er mest fordi eg syns sjølv at komposisjonane vert meir utfordrande og spennande å arbeide med. Dette har med auga sin persepsjon av fotografi å gjere, estetikken til fotografiet er så likt det me ser heile tida at auga brukar veldig kort tid på å vurdere kva det ser på. I det augeblikket det har lokalisert/gjenkjent motivet så går hjernen vidare til å vurdere kva betydning innhaldet har. Ved å snu arbeida opp ned pressar eg auga som ser på det til å gå ein ekstra runde, og på den tida det tar for hjernen å vende motivet rundt så får komposisjon og form ta plass.

Det er noko eg lengtar etter i fotografi. At komposisjon og form skal få meir plass. Eg vil nærme meg abstraksjon på fotografiets eigne premiss.

Hvorfor ble du boende i Bergen?

Eg havna litt tilfeldig i Bergen i 2008, og kjente fort at her var det mulig å skapa ein god base. Eg har ikkje gått på KHIB, og dermed tok det litt tid å bli kjent med det bergenske kunstmiljøet. Men for tre år sidan vart eg del av atelierfelleskapet BLOKK og der landa eg godt.

Hva er det beste med miljøet og byen?

Det beste med Bergen er kjensla av at ikkje alle rom er fylt enda, at ting er mogleg. Byen er jo pitteliten, men sprell levande. Det er forfriskande at det er så lett å få til samarbeid på kryss og tvers av kunstfelta. Eg likar naturen i og rundt Bergen, og sjøen som er så tett på. Og aller mest likar eg at det er så mykje bra folk her.

Hva savner du i det bergenske kunstmiljøet?

Eg saknar å omgås kunstnarar som er eldre, klokare og kulare enn meg sjølv. Enn kor godt eg trivst på BLOKK så hender det at eg ønsker eit atelierfelleskap med større aldersspenn. Eg har tenkt ein del på at me kunne få ein større mentorkultur i kunstmiljøet. Me driv å opprettar organ og organisasjonar for alt mulig, når me eigentleg kunne blitt mykje betre på å dele erfaringar og hjelpe kvarandre direkte.

Hva jobber du med for øyeblikket?

Eg har pusta litt i bakken etter arbeidet med Pleinair, og er klar for å gå i gang med nye verk. Eg skal fullføre ein fotografisk installasjon som har ligge latent i eit par år, og så skal eg i jobbe med grafikk, òg med utgangspunkt i fotografi. Det blir spennande. Ellers skal eg nytte sommaren til å produsere nytt materiale, fotografere. Eg arbeider best om sommaren.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?

Planen er ganske enkelt å fortsette. Fortsette å arbeide fysisk og utforske fotografiet sitt og improvisatoriske og abstrakte potensial. I framtida håpar eg å utvide moglegheitane for å jobbe med analog fotografi i større format i Bergen.

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?

Nora Adwan. Ho arbeider med fotografi og skulptur og har eit veldig spennande formspråk. Eg har blitt kjent med kunstnarskapet hennar gjennom vårt samarbeid A Compilation Project kor me kuraterer kvarandres materiale. Me har gjort to utstillingar i dette prosjektet, og planlegg å ta det vidare.