Kurt Johannessen

Navn
Kurt Johannessen

Kommer fra
Dale i Vaksdal

Bor
Bergen

Utdannelse
Slade School of Fine Art, London 1988–89
Listaháskóli Íslands, Reykjavik 1984
Vestlandets Kunstakademi, Bergen 1981–85

Hva jobber du med?
Performance, teikning, video, artists books, tekst

Hva inspirerer deg?
Steinar, fjell, liv, vitskap, fotball, tid, og mykje anna

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?
Eg har arbeida mykje med performance, bøker og tekst som uttrykksformer. Performance byrja eg med då eg oppdaga at det å halde på å lage kunst var meir interessant enn det ferdige verket. Det å vere i kunsten, meir enn kunstverket som objekt. Ein annan ting var min lidenskap for fotball. Utan den, ville eg nok ikkje byrja med performance. Fotball og performance er nesten det same. Ein går inn i eit rom, fysisk og mentalt og utfører handlingar innan for gitte reglar. Kunsten er litt meir open enn fotball.
Eg prøver gå inn i ukjente rom, for å gjere nye erfaringar. Erfare gjennom handling. Eg har ikkje vore så oppteke av å forstå, meir å lytte til det som kjem mot meg, enten eg jobbar med performance eller tekst. Forståing er noko som kjem med tid, enten ein vil eller ikkje. Erfaring hopar seg opp. For meg har denne forståinga/erfaringa manifistert seg i Om-noko bøkene.
Om eg skal nemne nokre verk som har vore viktig for meg er det
«The Second Air 2», performance (1988). Då utførde eg handlingar uavhenging av det som skjedde i rommet og rommet endra seg uavhengig av meg. Det er tankar eg har tatt med meg. Boka og prosjektet «Fotball med meir» (2005) Det prosjektet opna opp for kaos og kompleksitet. «Tre dagar» performance (2007), gav meg erfaringar om at det situasjonen eg var i fortalde meg korleis eg skulle handle meir enn at eg tilførde handlingar til situasjonen. «Det å drikka vatn saman med eit tre», performance (2014) viser kanskje vegen vidare. Kva veit eg …

Hvorfor ble du boende i Bergen?
Natur, dårleg vêr, gode arbeidsforhold, familie, ikkje-hovedstad

Hva er det beste med miljøet og stedet?
Samarbeid, god kommune for kunstnarar

Hva savner du i det lokale kunstmiljøet?
På eitt vis ingen ting, men media si minkande interesse for kunst er ikkje bra for ein by som Bergen.

Hva jobber du med for øyeblikket?
Avsluttar mitt Om-noko prosjekt, og gleder meg til å vere med på PAB Open på Grand Hotel Terminus fyrste helga i oktober.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?
Snart har eg ingen spesifikke planer og det er bra

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?
Dei fleste av mine kollegaer fortener meir merksemd