Navn
Marit Helen Akslen
Kommer fra
Ålesund
Bor
Sykkylven, Møre og Romsdal
Utdannelse
Kunsthøyskolen i Bergen, avd spesialisert kunst, seksjon for tekstil med hovedfag frå 2000.
Hva jobber du med?
Eg arbeider i hovedsak med tekstile materiale og teknikkar.
Hva inspirerer deg?
Det tekstile materialet i seg sjølv kan ofte inspirere meg. Tekstile materiale er sjelden nøytrale, dei ber som regel historier med seg. Eg let meg også inspirere av andre kunstnarar, både nolevande kunstnarar og tekstile bautaer som ikkje lenger lever, men som har bana veg. Musikk, litteratur og avisartiklar er også viktige kjelder til inspirasjon.
Elles handlar det kanskje like mykje om kva som provoserer meg som det som inspirerer meg. Eg ønskjer å kommentere, og ofte også kritisere samtidige hendelser.
Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?
Mykje av kunsten min kan karakteriserast som ei form for nettverk. Eg koblar eller syr saman små tekstile element, ofte ready-mades, og ofte heilt like delar, til større tekstile flater eller tepper. Det handlar mykje om mengde, gjentakingar og bindingar. Bindingar som er i ferd med å rakne eller gå i oppløysing, sprekke opp og gli frå kvarandre. Eller element som allereie har blitt delt og som eg prøver å sette saman att, som ein redningsaksjon. Arbeida mine kan både vere abstrakte og naturalistiske.
Eg har alltid kalla tekstilane mine for kommentarar. Etymologisk tyder å kommentere å forklare eller tenke over. Gjennom tekstilane mine ønsker eg å seie noko om mi eiga tid, om mykje av den uroa og øydeleggingane som pregar denne. Val av material og teknikk er det som regel tema og ideen som legg føringar for. Eg har jobba med alt frå kvite skjortesnippar som symbol på makt/maktmisbruk, til vaskelappar og denimbøter som kan seie noko om dei problematiske sidene ved den globale tekstilindustrien. Av andre materiale eg har nytta meg av kan eg nevne bukseselar, regntøy, skosålar og rullegardiner.
I den seinare tid og etter som livssituasjonen min har endra seg har tekstilane også endra seg på mange måtar. Bearbeiding av eige liv og refleksjon rundt kven eg er som menneske i mi tid har kome meir i fokus. Tru, tvil, tap av framtidstru, brutte bindingar.
Hvorfor ble du boende der du bor?
Først og fremst fordi eg etablerte meg med familie her. Det har også mykje med nærleiken til fjella og fjorden å gjere. Etter studier i Bergen og ei lengre periode i Trondheim vart det naturleg for meg å søke meg tilbake til heimtraktene.
Hva er det beste med miljøet og stedet?
Det beste med miljøet her er kollegaane mine. Sjølv om vi bor spredt og ikkje treffast så ofte som vi ønsker her i fylket, så er er treffa og møtestadane svært viktige for meg.
Det beste ved staden her er at eg får den roa og den tida eg treng, i tillegg er det mulig å ha stort atelier, som eg har, til ein billig penge. Atelieret er i kort gange frå heimen, noko som også betyr mykje for meg sidan eg jobbar mykje på kveldstid.
Hva savner du i det lokale kunstmiljøet?
Som sagt er avstandane mellom kunstnarane her i fylket stor. Eg saknar å treffe fleire av kollegaane mine på dagleg basis. I atelierfellesskapet eg var ein del av i Trondheim var vi 12 kunstnarar, der traff ein alltid mange til felles lunsj. Det kan eg ofte sakne.
Elles skulle vi hatt fleire visningsstader her. Fleire utstillingar, meir kunst!
Hva jobber du med for øyeblikket?
Eg arbeider i hovedsak med tankar og skisser rundt eit stedspesifikt kunstprosjekt som skal visast ved ein festival neste år.
Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?
Eg håper på å få kunne halde fram slik som eg gjer no, stille ut og ha gode meiningsfulle prosessar. Eg håper sjølvsagt også å kunne vidareutvikle meg som kunstnar, vere nysgjerrig.
Elles er måten eg jobbar på svært tidkrevjande og teknikken min gir meg store utfordringar når tekstilane kjem opp i ein viss størrelse. Eg tenker derfor at eg må finne måtar å jobbe på som kan gjere at eg kan jobbe raskare og lettare.
Til slutt: Hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?
Eg ønskjer å trekke fram ein god ven og kollega som bor i nabokommunen: Liv Dysthe Sønderland. Ho er grafikar men jobbar også med film og performance.