Marthe Minde

Navn
Marthe Minde

Kommer fra
Arna i Bergen

Bor
Arna i Bergen

Utdannelse
MFA i medium- og materialbasert kunst, KHiO
BA i kles- og kostymedesign, KHiO
Tekstilkultur, Vestnorsk kulturakademi

 

Hva jobber du med?
Eg handspinn garn og vev skulpturar.

Hva inspirerer deg?
Gamle handverksteknikkar inspirerer meg, det same gjer matematikk, lyrikk og ulike arrangement på Litteraturhuset. Ofte finn eg nye vegar gjennom utprøvingar i vevstolen og ved materialtilarbeiding. Det å sjå utstillingar og å lesa om ulike kunstnarskap gjev meg også mykje.

Innan vevverda held eg Frida Hansen høgt. Den tekniske dyktigheita hennar, tankane hennar om ljosgjennomstrøyming i vev og utviklinga av den transparente teknikken har vore stor inspirasjon og eit viktig grunnlag for arbeidet mitt.

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?
Som reiskap for å skapa skulptur brukar eg den manuelle vevstolen som før bar fram åkle, bunadar og kvardagsklede. Med sjølvfunne framgangsmåtar som lommeteknikken, det vandrande varpet og skaftoverstyring vev eg horisontalt, vertikalt og sidelengs i flatveven. Med lag på lag av trådar byggjer eg opp store flater, der eg igjen pressar inn plankar, lagar lommer og vridingar. I det eg klipper vevnaden fri frå vevstolen, faldar eg flata ut til eit romfang. Motiva eg attgjev i veven, hentar eg ofte frå eigen oppvekst. Eg vert dregen mot objekt som møter meg tolagt i tankar og minne, der det heimlege milde møter mørker frå motgang. Tematisk byrja arbeidet i Spor av ei mor 2015 og fekk tydelegare form i Trappene heime 2016–2018. Materiala til veven nøstar eg i nærnaturen kringom barndomsheimen. Eg sankar bjørketæger, bjørnemose, brennesle og tistel, og brukar det til tråd. Vidare spinn eg lokal spælsauull og dyppar han i kvae før eg vev. I galleriromma syner eg ofte trådskulpturane saman med tilhøyrande vevkonstruksjonsutrekningar og eigenskrivne tekstar. Raude trådar renn gjennom arbeida mine frå m.a. Hildur Bjarnadóttir, Olav H. Hauge og Do Ho Suh.

Hvorfor ble du boende i Arna?
Etter enda utdanning i Oslo i 2018 blei det enklare å klara seg økonomisk ved å flytta vestover att. Saman med ei heimlengt etter naturen har det vore godt å koma tilbake og prøva finna ei form på arbeidsdagane og bli kjend med kunstmiljøet her.

Hva er det beste med miljøet og stedet?
Nærleiken til naturen med moglegheiter for å sanka materiale veg tungt. Det siste året har eg også fått framleiga atelier på USF Verftet og blitt tatt varmt imot av fine folk der.

Hva savner du i det lokale kunstmiljøet?
I byrjinga sakna eg Oslo sin UfO-guide. No har eg m.a. funne Utstillingsguide for Bergen og byrjar å koma meir inn i det.

Hva jobber du med for øyeblikket?
For tida arbeider eg med å ferdigstilla ei utstilling som opnar på Galleri Format i Oslo 24. september. Montering og justering av eit utal trådar står att.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?
Etter utstillinga på Format skal eg til våren delta på opningsutstillinga til Nasjonalmuseet. Vidare framover som kunstnar håpar eg å våga nye ting, bli tøffare og tryggare. Etter åra på kunsthøgskulen har eg fått vener ulike stadar i verda, og det hadde vore kjekt å få til utstillingar saman med dei. Høgt på ønskelista står også ulike kunstnaropphald og eit eige, landleg atelier.

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?
Her vil eg gjerne nemna mange, men om det må bli éin, blir eg lett rørt av Ida Olesdatter Barland sine skjøre keramiske arbeid.

(Foto: Marthe Minde/Per Bækken/Marvin Pope/Tonje Plur/Øystein Thorvaldsen/Kjetil Fromreide/Brynhild Seim/Jens Hamran)