VISP kan no tilby alle sine medlemmar rabatt på medlemskap hos skaparverkstaden Bitraf i Oslo.
I Bitraf sine lokaler fins det blant anna eigne rom for elektronikk, 3D-printing, tekstilarbeid og kjemi/støyping, verkstad for tre, plast og metall. Det fins avanserte maskiner som CNC-fres, laserkuttar, pick-and-place for elektronikk og over ti 3D-printarar. Medlemmar i Bitraf lagar elektronikk, skulpturar, kostyme/cosplay, musikkinstrument og medisinsk utstyr, skriv programvare, byggjer møblar, binder bøker, utviklar 5G-teknologi, designar smykke og fritidsprodukt og mykje meir.
Den rabatterte prisen er 300 kr i månaden (vanleg pris 500)
Medlemsfordelar i Bitraf finn du her.
Meld deg inn i VISP for å få tilgang til rabattavtalen. Å vere medlem i VISP er heilt gratis, og du får tilgang til våre ressursar, som kurs, seminar, medlemsdatabasen o.l. – meld deg inn her.