Ragnhild Aamås

Navn: Ragnhild Aamås
Kommer fra: Volda
Bor: Oslo
Utdannelse: Master og bachelor i billedkunst frå Kunstakademiet i Oslo (khio), og bachelor i Arkeologi frå Universitetet i Oslo. Sidetur til London der eg studerte noko kalla «Master of Research: Exhibition Histories» på Central Saint Martins College of Arts and Design. Dette var eigentleg eit toårig studie som tok føre seg kor kunsthistoria ser ut om korkje biografien til kunstnaren eller kunstverket er kjerna for undersøking, men utstillingar, der eg berre har eitt år grunna mellom anna det valdsame auke i skulepengar for ikkje-eu-studentar i 2012/2013, men også freistnadar om residency opphald i Beijing.

Hva jobber du med?
Tja, eg opplever at arbeidet som billedkunstnar artar seg i ein pågåande undersøkande prosess som både foregår i eit tenkande og skrivande modus, men også på eit materielt plan. For meg er ikkje desse motsetnadar, men høyrer saman. Samtidig er måten ting blir til på og vilkåra for dette kveikande i seg sjølv. I ei periode der eg ikkje hadde atelier og reiste mykje, flytta arbeidsmåten min inn i den bærbare datamaskina og uttrykket vart portable format som performance og trykte digital-collagar. Men, med eit fast atelier er romet mykje større for å arbeide med materialer over tid og sjølv om tekstproduksjon, performance og forskjellige trykte medier er gjennomgåande, arbeider eg med skulpturar som står i eit slags avhengigheitsforhold til dei andre verka. No sist med nokre hengeskulpturar som er kjeda-saman. Langsmed slikt isolert arbeid, er eg interessert i å lage plattformar for samtenking. Dette har teke form både i stifting og drift av lesesirklar, og i det kunstnerstyrte visningsromet Podium i Oslo, som eg driv saman med Ayat Tuleubek, Lesia Vasylchenko og Ignas Krunglevicius.

Hva inspirerer deg?
Inspirasjon er funky. Vi har det med oss gjennom ei historie om gudebenåda innsikter som råkar enkeltpersonar. Eg er nok meir interessert i kor erfaringar og erkjenningar av verda slik ho artar seg både i det sanselege og i det digitale, åpnar koplingar mellom ting. Innsikter kan kome frå mange ting, men foregir ikkje å kome frå eit opakt åndeleg plan. I ein serie performance-tekster eg begynte på i 2012, brukte eg dei brukarorienterte søkealgoritmene til nettbaserte søkemotorar som eit slags digitalt orakel der spørsmål eller utsagn av typen: «she who does not know herself must die» eller «voluntary exile in the vague metropolis», blei filtrerte gjennom trefflista før eg redigerte dei ned til lesbare tekster der framføring med stemme var med å forankre samanhengane.

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?
Det vansklegaste er å sjå seg sjølv og det som foregår frå utsida. For tida er eg i gang med ein stor samarbeidsprosess, der målet er eit kollektivt verk. Det bryt med dei gitte rammene for «min kunst» og «mitt kunstnerskap», eg trur desse storleikane aldri kan vere statiske, men må ta inn i seg endringar og hybride foreløp. Eg vert utolmodige når eg kjenner ei utrykksform eg har brukt for godt, når prosessen rundt verksproduksjonen vert utan tanke eller berre ein formal eller ei kompositoriske evaluering. Likevel er det godt å ha tid for seg sjølv, det er voldsom motstand i ein felles prosess, men det genererar uventa resultat som går ut over kvar individuelle praksis. Når eg ser tilbake på dei siste åra, er eg framleis nysgjerrige på eit inngrep eg gjorde på Kunstmuseet KUBE i Ålesund der eg var Vestlandsutstillingskunstnar med utstilling Flyt, eller minna til ei reisande fjellape kuratert av Randi Grov Berger i 2018. I løpet av installeringa tok eg vekk ei kvitmåla MDF-boks som var plassert som ein kapsel over rullestolheisa i romet. For meg forstyrra boksa meir enn sjølve apparatet, denne forlenginga av kroppen som muliggjer rørsler. Ifølge den franske erkjenningstenkaren Condillac er vilkåret til medvitet rekna sans for sans først og fremst rørsleevna. Arbeidet med denne utstillinga førte meg inn på å lese Mary Wollstonecraft sine reisebrev frå 1796, som eg vart merksam på i lesinga av ei anna bok Les Goddesses av Moyra Davey. Fortellinga blei med vidare til ein tredelt performance serie Urørt&naturlig untouched&naturel intacte&naturel for Nordic Art Press til deira presentasjon på Monnaie de Paris. Her kopla eg saman Wollstonecraft sine naturskildringar, og ei dongribuksereklame frå 90-tallet med låta Underwater love til Smoke City. Dette foregjekk over tre dagar som ei fortelling om tilhørsle, vatn og vilkåra ein lever eller forgår under. Så i eit forsøk på å sjå arbeidsmåten min frå utsida, har eg nok ei stor grad av utolmodigheit, men vert fanga opp i undersøkingar av samankjedingar som verkar meiningsfulle og utlegginga av desse.

Hvorfor ble du boende i Oslo?
Eg kom tilbake til Oslo i 2014 etter opphald i Beijing, Berlin og Detroit. Her hadde eg enno kontakter frå studietida og ein pengejobb som kunne sikre den heilt grunnleggande inntekta å overleve på. Samtidig inviterte Ignas og Ayat meg med på ei om-forestillinga av kva Podium kunne vere slags visningsstad, det sa eg ja til og hadde slik plutselig både eit tankefellsskap og eit arbeidsrom. Når vi fekk støtte frå kulturrådet til først å rennovere lokala, deretter driftsstøtte til programmet vi hadde lagt opp til – som på det tidspunktet skilte seg ut med kunstnarskap og utstillingar som var retta mot ei merksemd om omverda heller enn formal eskapisme, samt eit diskursivt program – fekk «røtene mine grobotn» i Oslo si forureina og lugubre jord.

Hva er det beste med miljøet og stedet?
I Oslo bur det folk frå heile landet og dessutan frå heile verda, det skapar eit livaktig samrøre, ein god fermenteringsstad. Eg snakkar om lugubre jordsmonn over, men det er sjokkerande kor fort ein er ute av byen og over i eit bygdeaktig landskap sjølv her. Det er dessutan, for ei som har vekse opp på bygda, heilt utruleg deilig denne kjensla av å kunne gå ut døra og vere rimelig anonym i mengda.

Hva savner du i det lokale kunstmiljøet?
Sjølv om Oslo er den største byen i Noreg og her er eit mangfald av visningsrom for billedkunst på ymse nivå, saknar eg eit tydeligare program som strekker seg etter å innlemme internasjonal billedkunst av høg kvalitet, og eit tilskot av samtalar og forelesingar som kan utfordre den lokale almenne semja.

Hva jobber du med for øyeblikket?
Nett no arbeider eg mot tre nye verk til ei gruppeutstilling på det kunstnerstyrte visningsrommet She’ll som held til i ein nedlagt bensinstasjon på Ski like utanfor Oslo. Staden drivast av Maren Dagny Juell og Liv Tandrevold Eriksen. I tillegg arbeider eg med eit større kollektivt-verk saman med Podiumgjengen.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?
Eg er for tida forvita på denne nedevalueringa av den reproduktive sida av verda som gjennomsyrar måten samfunna våre er bygde opp på. Kvile, søvn, vedlikehald, og muligheitene for motstand – eller andre historier – frå desse formene. Motstand mot kva kan ein spørre seg, kanskje mot eit meir lukka, uinteressert samfunn, eit samfunn grunna på frykt.

I ein samtale med kunstnarane i Lucky Kitchen (Bergman og Salinas) kom vi innom måla for suksess i feltet vårt, og kom fram til at det er om ein kan halde fram med å øve virket sitt. Til no har kunstnaryrket kome som ein serie av valg som aldri tok form av ein plan eller ein strategi.

I den vidaregåande skulen gjekk eg på formgjevingsfag og blei tipsa av ein merksam lærar om Nansenskulen – Norsk humanistisk akademi på Lillehammer som eit muleg folkehøgskulevalg for meg. Deretter kom eg til Oslo med ein gjeng frå folkehøgskulen som var interesserte i filosofi og litteratur. Eg var innom universitetet her før eg møtte folk som studerte på førskulane i Oslo, og som åpna opp denne muligheita for at «kunst» var noko heilt anna enn det eg hadde blitt merksam på so langt – hovudsakleg kunsthistoria fram til midten av 1900-talet med stor vekt på maleriet si kunsthistorie, forøvrig enno på slutten av 90- og byrjinga av 20-tallet den eine utrykksforma som blei fortalt om i skuleverket. Etter eit år på forskulen Einar Granum kom eg inn på Kunstakademiet i Oslo, og deretter har det «balla på seg». Frå min ståstad virker det som der er ei stor glipe mellom kva som foregår på kunstfeltet og kva allmenndanninga i Noreg gir folkesetnaden av grunnlag for innsikt i det. Dette igjen er med på å halde igjen muligheitene og forståinga folk har av heile fagfeltet vårt. Det er ikkje berre synd, men i eit større perspektiv risikabelt med tanke på vilkåra for å kunne halde fram med billedkunst. Altså, ein ambisjon eg har på vegne av heile feltet vårt må vere å auke både spesialist- og grunnivået på samtalen om billedkunst. Samtidig er det godt å sjå at billedkunstnarane sine fagorganisasjonar er merksame på rettar og rolla mange billedkunstnarar finn seg i som «ufrivillig næringsdrivande» med ein merkleg blandingsøkonomi som samfunnet ikkje finnst rigga for.

Til slutt: hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?
Etter denne våren vil eg seie alle, det kjennes som ein kappast meir om merksend med sport- og underhaldningsaktivitetar enn med andre kunstnarar. Men, eg gler meg skikkelig inhabilt til å sjå prosessen og resultatet av Anna Ihle si utstilling som vi opnar på Podium i haust. Dessutan er Apichaya Wanthiang og Synnøve Sizou G. Wetten to heftige kunstnararskap som eg ser fram til å sjå dei komande soloutstillingane til henhaldsvis på kunsthallen i Kristiansand og Noplace i Oslo.