Tora Endestad Bjørkheim

Navn
Tora Endestad Bjørkheim

Kommer fra
Bryggja i Nordfjord og Hønefoss på Ringerike

Bor
Oslo

Utdannelse
BA i spesialisert kunst på fagområde tekstil i 2011 og MA i kunst på Kunsthøgskolen i Bergen (no KMD) i 2013

Hva jobber du med?
Eg jobbar hovudsakleg med tekstile teknikkar og materialer. Dei fungerer som eit utgangspunkt og ligg gjerne som eit premiss for vidare arbeid med større romlege installasjonar.

Hva inspirerer deg?
Eg er nok meir enn noko anna interessert i praksis. Korleis nokon jobbar inspirerar meg gjerne meir enn kva dei jobbar med. Kanskje er eg også opptatt av det fordi eg synest det har vore krevande å finne ein god flyt i eige arbeid, og at det har tatt lang tid for meg å bli kjent med min eigen arbeidsprosess.

Ellers er eg spesielt interessert når ei utstilling klarer å gjere meg bevisst mitt eige blikk, min eigen posisjon og den situasjonen eg til ei kvar tid er med på å skape. Det betyr ikkje at alle utstillinger ideelt sett skal fungere på ein sånn måte, men det gjer meg interessert fordi det gjer det tydeleg for meg kvifor utstillingssituasjonen er politisk viktig – også på eit samfunnsplan.

Hvordan vil du beskrive din kunst og ditt kunstnerskap?
Eg har alltid hatt ei grunnleggande og djup interesse for dei tekstile handverksteknikkane, og det potensiale dei har til å skape og ivareta både emosjonelle og sosiale rom.

Frå denne interessa for handverket spring fleire koplingar ut. Eg tenker gjerne at eg jobbar innanfor fleire overlappande interessefelt som vanskeleg kan skiljast frå kvarandre: funksjon/bruk (t.d. møbler, interiør, objekt), tekstilt handverk/produksjon (t.d. unika, masseproduksjon, repetisjon) og flater/rom (t.d. biletflater, funksjonelle flater, display, modulære system).

Desse koplast saman i arbeid som både er ei form for biletskaping og ein produksjon av funksjonelle objekt. Håpet er å skape situasjonar som midlertidig kan skapeforskyvingar i forholdet mellom «bruk» og «bilete». Med dette som utgangspunkt forsøker eg å få arbeidet til å mane fram ein kroppsleg og kjenslemessig medviten i og om utstillingssituasjonen.

Eit døme på korleis dette kan sjå ut i praksis er utstillinga Gesture Texture Display (2019). Der jobba eg med forholdet mellom biletflata og den funksjonelle flata. Element frå̊ ein hushaldingskontekst blei sett saman til eit rom for kroppsleg navigasjon og habitasjon: Enkeltdelar frå̊ standardiserte møbelsystem balanserte i modulære strukturar, bilete frå̊ interiørkataloger var oversett til uskarpe perlevevde flater, og gul golvteip delte inn rommet og la føringar for bevegelse.

Dei siste par åra har eg også jobba målbevisst med å utvikle eigen metode og arbeidsform, og å gjere dette på ein måte som let arbeidsprosessen og utstillingssituasjonen vere ein respons på eigen livssituasjon og min eigen mentale/emosjonelle tilstand.

Dei repeterande og rytmiske handverksteknikkane har ei eiga evne til å gi tid og rom for at kroppslege og emosjonelle tilstandar kan eksistere saman med analytiske tankerekker og dei utgjer slik sett også eit godt utgangspunkt for ei undersøking av dette forholdet både teoretisk og formmessig.

Til dømes så undersøker arbeidet Suite (2022) det dekorative og omsorgsfulle objektet – det som kan bære og omslutte, skjule og avleie – ved fritt å kombinere og delvis gjenskape element frå utvalde historiske og kontemporære bruksgjenstandar. Ustillinga BUDS som opna på KRAFT i april i år er ei vidare utviklinga av dei same problemstillingane.

Hvorfor ble du boende i Oslo?
Eg har flytta mykje i oppveksten, mellom aust og vest, og har også budd lenge både i Bergen og Oslo etter endt utdanning. Eg er nok ganske tilpassingsdyktig på den måten, og det skal ikkje så mykje til før eg kjenner meg heime.

Det er viktig for meg å bu ein plass der det eksisterer eit kunstmiljø som er stort nok til at ein kan oppleve ei breidde, og at miljøet er større enn meg og mine næraste arbeidskollegaer. Etter å ha budd på fleire små stader gjennom oppveksten veit eg også godt at det kan vere krevjande å vere ein av få eller den einaste kunstnaren i området. Samtidig kan eg med jamne mellomrom lengte etter eit anna tempo (og faktisk også færre tilbod). Eg har likevel funne meg godt til rette i Oslo dei siste åra, og har no både familie her og ei deltidsstilling på Kunsthøgskolen på fagområde tekstil.

Hva er det beste med miljøet og stedet?
For meg er det er godt å få vere ein kunstnar blant mange, både for å ha eit fellesskap og for å kunne fungere kollektivt, men også fordi eg lettare kan tillate meg å vere kunstnar på eigne premiss når det er nødvendig. Det er tydlegare for meg i det daglege korleis ansvaret for lokalmiljøet (t.d. i å formidle og fungere politisk for fagfeltet) delast av fleire.

Hva savner du i det lokale kunstmiljøet?
Mest av alt saknar eg føreseielege arbeidsforhold. No har eg subsidiert atelier frå Oslo kommune i Myntgata. Tidlegare har eg i lange periodar har eg valt å jobbe heime fordi det trass alt har vore betre enn å gå inn i leigeforhold som uansett skal avsluttast i løpet av kort tid på grunn av bustadsutvikling eller liknande. No skal snart både atelierfellesskapa på Ila og i Myntgata avviklast av Oslo kommune utan at det er funne nye alternativ for leigetakarane. Det er kritisk både for det store talet enkeltkunstnarar det gjeld og for byen sitt kunstmiljø for øvrig.

Hva jobber du med for øyeblikket?
I fjor starta eg på ei lengre undersøking under den overordna arbeidstittelen det omsorgsfulle objektet – det som t.d. varmar, berer, støttar, skjuler og skyddar. Dette arbeidsområdet gir rom for å bruke tekstile bruksobjekt (som t.d. bringekluten/hjartevarmar, nettet, perleveska) som omdreiingspunkt for undersøkingar av sosiale strukturar og funksjonalitet/bruk.

Til no har eg jobba hovudsakleg med det eg har kalla «det berande» og det har avgrensa seg til å handle om den hekla perleveska. I kraft av å vere både eit historisk og kontemporært objekt har den potensiale til å aktualisere og knyte saman forståinga av teknikk/materiale med forståinga av sosiale strukturar og politiske spørsmål. Som eit personleg og berbart objekt inngår den også i både offentlege og sosiale situasjonar og gir såleis gode moglegheiter til å undersøke det tekstile bruksobjektet si rolle som meiningsberar og sosial markør.

Arbeidet Suite som var del av Vestlandsutstillinga 2022 og utstillinga BUDS som no er open på KRAFT i Bergen inngår i denne undersøkinga. Eg er så vidt komen tilbake på atelieret igjen etter ein hektisk innspurt og er akkurat klar for å sette i gang med prøver til nye arbeid innunder det same arbeidsområdet.

Hvilke ambisjoner og planer har du for fremtiden?
Ambisjonane mine handlar nok mest om å skape arbeidsrutiner som fungerer for meg og som gir meg flyt og kontinuitet i arbeidet. Eg synest det har vore krevande å finne ut korleis eg kan jobbe for at det skal vere bærekraftig over tid, både med tanke på energi og økonomi.

Til slutt: Hvilken kollega av deg fortjener mer oppmerksomhet?
Eg vil gjerne løfte fram min gode venn og kollega Stacy Brafield. Ho har ein praksis som går utanfor og rundt den vanlege opptrakka løypa. Ho skapar møter og bindingar og knyttar nesten alltid seg sjølv og arbeidet sitt til andre. Ho er også uvanleg merksam på omgjevnadane sine, og rører ved store spørsmål i det heilt nære og intime. Sidan eg er veldig interessert i å bruke tid på å finne ut korleis ein kan jobbe og korleis ein praksis kan fungere er det spesielt spennande å følge hennar arbeid, både på avstand, i samtale og som venn.