Vestland fylke: Søkar formidlar(ar) til produksjon frå Nasjonalmuseet

Vestland fylkeskommune har ansvar for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Vestland, og sender kvart år ei mengd produksjonar og utøvarar på turné til elevar i grunnskulen og vidaregåande skule i heile fylket. DKS-programmet inneheld produksjonar innan musikk, film, litteratur, kulturarv, scenekunst og visuell kunst, og formidlinga skjer anten på skulane eller på kunst- og kulturinstitusjonar/-arenaer i fylket.

Vi treng formidlar(ar) til produksjonen «Avtrykk» frå Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design . Les meir om produksjonen her.

Produksjonen skal på turné i Vestland i 8-9 veker frå midten av mars. Det er behov for ein til to formidlarar.

Meld frå til Charlotte Espeland (charlotte.espeland@vlfk.no) innan 7. mars dersom du ønskjer å formidle denne produksjonen i deler av, eller heile, perioden. Rammeavtale for oppdragstakarar i DKS forhandla fram av Creo og KS ligg til grunn for avtale om oppdrag.