Dato: 27. september
Tid: 14.00-16.00
Sted: Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane
Velkommen til kurs i søknadsskriving med Erik Friis Reitan laurdag 27. september!
Påmelding til post@kunstnarsenter.no innan fredag 19.9.25.
Erik går gjennom nokre grunnleggande tips til korleis du kan skrive søknader på kunstfeltet: Korleis kan biletmaterialet organiserast, korleis kan prosjektet skildrast for å auke sjansane for å få tilslag og kva ulike støtteordningar finns lokalt og nasjonalt.
Kurset fokuserer hovudsakleg på norske ordningar. Delar av informasjonen kan óg vere nyttig i forbindelse med søknad om arbeidsstipend.
Kurset er gratis og blir arrangert av VISP og Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane.
Kurshaldar Erik Friis Reitan (f.1979) er biletkunstnar med bakgrunn frå ei mengd styrer og faglege utval/juryar, han er også styremedlem i Norske Billedkunstnere.
